|
Vedtektfestet formålIvareta eigaransvaret for bygningsmassen til kommunen. Føretaket skal ta byggherrefunksjonen til kommunen ved nybygging, utbygging og modernisering av kommunal bygningsmasse etter nye forskriftskrav, herunder inngå utbyggingsavtalar. Dette gjeld ikkje forskriftskrav som vert utløyst av endra brukarbehov. Føretaket skal innanfor det vedtekne økonomiske rammene sine skaffe til vegar eigedom og/eller bygg for å dekke meldt behov. Føretaket skal inngå husleigeavtalar, inklusiv reinhaldsteneste og andre brukarretta tenester, med kommunale einingar/brukarar. Drift av føretaket skal så lang som mogleg skje i samsvar med vanlege forretningsmessige prinsipp, og ta omsyn til gode fellesløysningar og i samsvar med kommunale planar og målsettingar. Føretaket skal sjå arealet til kommunen under eitt, slik at det vert oppnådd ei effektiv ressursutnytting. Føretaket skal ha ein klar klima-, energi- og miljøprofil, og denne skal tilpassast til kommunen sin til ei kvar tid gjeldande klimaenergiplan og miljøstrategi. Føretaket skal innan verksemdområdet sitt vere med å bidra til at kommunen når sine klima-, energi- og miljømål. Føretaket skal følgje etiske retningslinjer, kommunikasjonsstrategi, varslingsreglane og andre retningslinjer som gjeld i Vanylven kommune og skal så langt det er naturleg nytte seg av kommunale støttefunksjonar som personale, økonomi og juss.
|