|
Vedtektfestet formålSelskapets føremål er å vera eit pådrivarselskap for realisering av sørleg bru over Langenuen på E39 som eit ledd i realisering av prosjektet E39 Hordfast . Vidare å realisera bygging av veg og brusamband til Kvinnherad - Sunnfast . Selskapet skal vidare bidra i arbeidet med å utarbeida ein KVU for arm til Bergen og jobba for at det ved komande rullering av NTP vert bygd ein arm til Bergen med traséval frå E134 til E39 gjennom Sunnhordland. Selskapet har høve til å delta i og/eller arbeide saman med andre selskap, dersom det kan styrkja gjennomføringa av føremålet til Sunnfast AS. Overskot/underskot skal disponerast etter norske lover og forskrifter. Selskapet skal ikkje betale utbyte til eigarane. Ved oppløysing av selskapet skal eventuelt overskot og formue gå til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, org.nr. 971 492 910.
|