|
Vedtektfestet formålFøretaket skal vere eit verkemiddel for Stad kommune i utvikling, tilrettelegging og forvaltning av attraktive og føremålstenlege næringsareal og -bygg i kommunen. Føretaket skal bistå Stad kommune med kompetanse, rådgjeving og utvikling på energiområdet for å sikre at kommunen sine behov for framtidig utvikling vert imøtekomne. Føretaket skal også medverke til miljøvennleg energibruk i Stad kommune ved å bygge ut og drifte energianlegg som er basert på fornybare energiløysingar. Selskapet kan inngå avtale med offentlege og private byggeigarar om tilknyting og bruk av miljøvennleg energi frå desse anlegga. Drifta av energianlegga kan setjast bort til andre selskap etter nærare avtale. Ved avtale om dette, kan Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF også stå som utbyggar av anna infrastruktur mot refusjon. Alle eksisterande avtalar som er inngått av begge selskapa vert automatisk vidareført til Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF.
|