|
Vedtektfestet formålFøremålet med selskapet er å take vare på alt avfall i regionen på ein miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte, ved at kommunane overfører dette ansvaret til selskapet. Selskapet skal: etablere, eige og drive anlegg for mottak, handsaming og deponering av avfall i dei fem kommunane i samsvar med forureiningslov og konsesjonsvilkår, vere ansvarleg for innsamling, transport og handsaming av alle avfallstypar etter lovverk og føresegner, ta seg av all innsamling og vidare handsaming av slam frå reinseanlegg, septiktankar og lukka anlegg, drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging vedkomande avfallshandtering. Selskapet kan ta på seg oppgåver for eigarkommunane og andre kundar og kjøpe tenester knytt til drifta frå andre når dette er teneleg.Selskapet avgjer i kor stor grad drifta skal nytte eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leige og/eller driftsavtalar med kommunar, verksemder eller personar. Representantskapet kan vedta at selskapet deltek I andre føretak med avgrensa ansvar, når dette fremjar selskapet sitt føremål og kompetanse, og/eller tek sikte på å gjeve tekniske økonomiske- og miljømessige driftsføremoner. Kommunane skal samordne sine renovasjonsføresegner slik at dei vert like og samsvarer med selskapsavtalen.
|