|
Vedtektfestet formålFøremålet til selskapet er å ta vare på alt avfall i regionen på ein miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte ved at kommunane overfører dette ansvaret til selskapet. Selskapet skal - etablere, eige og drive anlegg for mottak, handsaming og deponering av avfall i dei fem kommunane i samsvar med forureiningslov og konsesjonsvilkår - vere ansvarleg for innsamling, transport og handsami avfallstyper etter lovverk og føresegner - ta seg av all innsamling og vidare handsaming av slam frå renseanlegg, septiktankar og lukka anlegg - drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging vedkommande avfallshåndtering. Selskapet kan ta på seg oppgåver for andre kundar enn eigarkommunane og kjøpe tjenester knytt til drifta frå andre dersom dette er teneleg. Selskapet avgjer i kva grad drifta skal nytte eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leige-/ og/eller driftsavtaler med kommunar, verksemder eller personar. Representantskapen kan vedta at selskapet deltek i andre føretak dersom føretaket har avgrensa ansvar og dersom slik deltaking fremjar selskapet sitt føremål og kompetanse og/eller tek sikte på å gje tekniske/økonomiske og miljø- messige driftsføremoner. For same føremål kan selskapet stifte dotterselskap som vert eigd fullt ut av RENOVEST. Kommunane skal samordne sine renovasjonsføresegner slik at dei vert like, og samsvarar med denne selskapsavtala.
|