|
Vedtektfestet formålHavhesten Kinn kommune KF skal stå for og ha ansvaret for all aktivitet på gnr. 203 bnr. l, 18 og 20, gnr. 24 bnr. 20 og 26, gnr. 28 bnr. 88 (symjehalltomta) i Kinn kommune. Føretaket skal gi dei badande eit best mogeleg tilbod, i samsvar med bygget sine planlagde funksjonar. Føretaket kan stå for annan aktivitet i tillegg til dette dersom slik aktivitet styrkar inntektsgrunnlaget for føretaket og er tilpassa badeaktiviteten. Føretaket skal forvalte på best måte fast eigedom og lausøyre som Kinn kommune stiller til disposisjon for føretaket. I den grad føretaket nyttar tenester frå Kinn kommune, skal føretaket betale vederlag for dette til kommunen. Dersom kommunen nyttar tenester frå føretaket, skal kommunen betale vederlag til føretaket for det. Føretaket skal nytte Kinn kommune sitt dokumentsenter. Drifta skal vere effektiv, mest mogeleg lønsam og berekraftig over tid. Budsjett, handlingsprogram og årsrapport skal dokumentere resultatkrav og resultat.
|