|
Vedtektfestet formålUtføra kommunane sine oppgåver innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam, og arbeidsoppgåver som høyrer naturleg saman med desse oppgåvene. Selskapet overtek såleis oppgåver som kommunane etter lova kan overlate til selskapet innafor desse områda, og som skal betalast av renovasjons- og slamgebyret. Utarbeida gebyrregulativ for hushaldskundar. Gebyra skal etter ein overgangsperiode vera like for like tenester i alle deltakar-kommunane. Gebyra kan varierast etter levert mengde avfall og tenestetilbod. Utføra andre oppgåver som kommunane og selskapet vert samde om at selskapet skal utføre. Gje tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk rett. Søkja samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan vera eigar eller medeigar i andre selskap. Avgjera i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leigeavtalar med medlemskommunane eller private næringsdrivande.
|
|
BransjeInnsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall. Bygging og drift av innsamlingssystem og mottak, samt anlegg for gjenvinning, mellomlagring, spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller destruerast annan stad. Miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga. Saman med kommunane informera publikum og næringsdrivande om tilbod frå selskapet, med vekt på å gi auka kunnskap og forståing for miljøvenlege måtar å ta hand om avfallet på. Etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar, der dette er naturleg for å fremma føremålet.
|
|
Signatur:Styreleiar og nestleiar kvar for seg.
|
|
Prokura:Dagleg leiar åleine.
|