|
Vedtektfestet formålHa ansvar for den årlege Dyrsku'n og for heilårsdrift av plassen. Målet er at drifta skal vera basert på lønsemd. Den samfunnsmessige verdiskapinga ligg i dei ringverknader drifta på plassen kan gje for lokalsamfunn, næringsliv og landbruk. Drift av plassen skal byggje på bygdetradisjonar og det beste i Telemarkskulturen. Dyrsku'n skal være tufta på tradisjonar og bygdemiljø. Dyrsku'n skal arrangerast med ein nasjonal landbruksutstilling som i tida framover skal vera av den største og kvalitativt beste årleg landbruksutstillinga i landet og skal presentere eit moderne og tidsmessig landbruk. Det skal arbeidast for at det er aktivitetar på plassen det meste av året - heilårsdrift. Utanom Dyrsku'n skal plassen nyttast til stemne, messer, sportsarrangement og til kulturformål og særutstillingar.
|